Innovasjonsdagen Sogn 2024 lot oss inspirere nok ein gang!
Innovasjonsdagen Sogn 2024 arrangert saman med Kunnskapsparken Vestland vart nok ein gong ein stor suksess! Den 19. september var næringslivet i Sogn, gründerar, fagfolk og studentar samla på Quality Hotel i Sogndal. Vi hadde gleda av å høyre inspirerande innlegg innan kunstig intelligens, teknologi, kulturendringar og gründerskap.
Kunstig intelligens – etter tåke kjem klårvêr
AI-eksperten Elin Hauge påpeikte at AI er ei kraftig verktøykasse for framtida, men ikkje ei løysing på alt. AI blir allereie brukt til alt frå å oppdage kredittkortsvindel til å skape innhald for marknadsføring. Ho understreka at generativ AI, som chatGPT, representerer eit paradigmeskifte, men åtvara mot å tru at AI kan erstatte menneskelege avgjersler. Hauge understreka også at AI ikkje berre er ChatGPT. Ei klar melding: Å investere i ChatGPT betyr ikkje nødvendigvis at bedrifta di investerer i AI. AI gir mange moglegheiter, men også utfordringar som datasikkerheit og skeivheit i algoritmar. Ho minna oss på at AI ikkje er ei universalløysing, men eit verktøy som må brukast med medviten strategi for å lykkast.
Bryte dårlege vanar
Tore Hillestad snakke om korleis bedriftskultur påverkar innovasjon og omstilling. Han belyste at bedrifter må bryte dårlege vanar og tilpasse kulturen sin for å fremje innovasjon og handtere omstilling meir effektivt. Kultur med høg læringskapasitet blir kjenneteikna av eit trygt psykologisk klima og kultur for å gjere feil. Med andre ord, medvitenheit rundt kultur er viktig for å gjennomføre nødvendige omstillingar, og som Hillestad understreka: "Culture makes strategy happen."
Gründerskap, kreativitet og anna fanteri
Erfaringane sine om å bygge eit internasjonalt motemerke frå Stryn fekk vi frå Simen Staalnacke, kjent som medgrunnleggjar av Moods of Norway. Han framheva kor viktig samarbeid er og at for å lykkast må ein tru på det ein gjer! Vi fekk høyre mange gode historier og utallige prosjekt – alle med eit element av leikenheit. Reisa skal vere morosam og ein må ha entusiasme, understreka Simen; “Bygg ditt eige rock and roll band”.
Lokal skaparkraft
Tre lokale gründerselskap stod også på scena. Håvard Halvorsen tok oss gjennom den spennande reisa til Rockethouse, oppturane deira og utfordringane dei har møtt på. Knut Olav Ekeberg, vinnaren av årets Fjellpitch, snakka om Sprøytejournal, som skal gjere kvardagen til bønder enklare gjennom ei digital plattform for dosering av sprøytemiddel – han står no klar med første versjon for brukartesting! Amalie Skrede, Sunniva Skrede og Erik André Jakobsen jobbar også med å gjere livet til bønder enklare ved å lettare knyte avløysarar og bønder saman. Med Dreng får bønder "meir tid til hobbyar, familie og det du vil, og det blir også meir attraktivt å vere avløysar."
Ein dag full av inspirasjon! Vi rettar ein stor takk til hovudsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane og samarbeidspartnarane HVL Skape og Eigergruppa Campus.
Alle bilder: Vidar Bloom Kauppi