Elevane lagde is med nitrogen og tre rettar gourmet

I Smakslaben på ViteMeir på Kaupanger gjekk temperaturen høgt og og låg på inspirasjonsdag for 10. klassingar frå Sogn. Saman med mat og drikke-ambassadør Tonje Torvanger trylla elevane fram delikate fiskerettar og søte dessertar, mellom anna is laga ved hjelp av flytande nitrogen ved hjelp av vertane på ViteMeir.

– Dei får kjenne på følelsen av å vera på eit restaurantkjøken. Det er mange ting som skjer på ein gong, mange oppgåver som skal delast ut og høgt tempo, smiler Torvanger.

Dessert-stasjonen var den mest attraktive arbeidsstasjonen, fortel ho. I samarbeid fekk dei tolv ungdommane lage tre rettar, med ein delikat dessert og to rettar fisk. Før kjøkenøkta fekk dei besøke Lerum-fabrikken, der dei fekk innblikk i produksjonen. Dei møtte folka som jobbar der, og fekk høyre om dei ulike vegane dei har tatt for å komme inn i matfaglege yrke.

– Det er så mange vegar inn i dette yrket, og mange moglegheiter når du tek restaurant- og matfag på vidaregåande. Ikkje minst har du ein kreativ og praktisk skulekvardag, som eg trur eg viktig for mange ungdommar skal finne motivasjon og engasjement for å fullføra vidaregåande opplæring, seier for vidaregåande, seier Steffen Hovland som er faglærar og ved restuarant og matfag på sogndal vidaregåande skule.

I bakgrunnen gjekk verdas største kokkekonkurranse på storskjerm, bocouse d’or. På kjøkenbenakne røykast, frysast, rørast og kuttast det for harde livet. Det er mykje som skal ordnast fo rå få tre rettar på bordet - men denne gongen får dei sjølvsagt ete maten dei lagar sjølv.

SmakeMeir var vertskapet for seansen, som vart runda av med med måltid i fellesskap i kafèen. Då fekk elevane og dei vaksne nyte røykt aure, torsk som smelta på tunga og ein sjokoladefondant pynta med solbærpurè, bær og løvtynne kjeks i blad-form, alt laga av dei sjølve.

– Vi håpar å gi elevane eit innblikk i kva ein kan få til som kokk. At dei kan vere kreative og kjenne på følelsen av å lage noko saman som eit lag. Så blir det spennande å sjå kven som vel restaurant og matfag som retning når dei skal bestemme seg til slutt, seier Steffen Hovland.

Forrige
Forrige

Tilbyr di bedrift sommarjobb? Då må du lese dette!

Neste
Neste

Bill.mrk: Einsamt, men håpefullt hus søkjer driftig partnar