Framtidas gründarar på Fjellpitch 2025
Deltakarane. Foto: Bård Basberg
Nok ein gong arrangerte Kunnskapsparken Vestland, HVL Skape og Sogn Næring gründerkonkurransen Fjellpitch som ein del av Fjellsportfestivalen i Sogndal.
I løpet av ettermiddagen fekk åtte lovande gründerspirer høve til å presentere sine idéar for ein erfaren jury og eit engasjert publikum. Idéane spente vidt, frå innovative løysingar for kvardagsproblem, til nye digitale plattformer, brettspel og podcast for eit bærekraftig reiseliv. I år vart det delt ut tre prisar: Publikumsprisen, Studentprisen og Årets vinnar. Vi er imponert over det høge nivået, men det var tre som utmerka seg blant både juryen og publikum.
Årets Fjellpitch vil gjere hagearbeid lettare med ein gartnar i lomma!
Iselin Helløy pitchet idéen Biotopa - gartneren i lomma og stakk av med hovudpremien. Foto: Bård Basberg
Iselin Helløy imponerte juryen og kom heilt til topps med Biotopa, ein app som gjer brune fingrar grøne! Løysinga hjelper eigarar av tomme hagar med å få liv tilbake i beda sine, gjennom ein skreddarsydd digital dyrkingsplan tilpassa hagemiljøet og eigaren sin stil.
Me tok ein prat med vinnaren rett etter utdelinga, og Iselin var tydeleg rørt: “Det er eigentleg ganske overveldande, men eg er veldig takknemleg for at juryen har gitt meg denne tilliten.” Med seg fekk ho ein pengepremie på heile 40.000kr frå Sparebanken Vest, rådgivingstimar frå PwC til ein verdi av 10.000 kr, og rådgivingstimar frå Gasta til ein verdi av 5.000 kr. No ser ho fram til å byggje eit team og stake ut vegen vidare. Iselin jobbar heiltid, men har lenge lekt med tankane om å skapa noko på eigenhand. Me gler oss til å følgja med vidare på reisa.
Studentprisvinnerne skal bruka stemma for å bidra til et bærekraftig reiseliv
Studentprisen gjekk til Dorte Stedje, Amalie Grindedal og Mari Nesset for idéen "Morgendagens Reiseliv", en piodcast som skal sette berekraft i reiselivet på agendaen, inspirera til endring – og gjere det enklare for folk å gjere bærekraftige reiseval! Gjennom engasjerande samtalar med ekspertar, bransjeaktørar og innovatørar vil dei utforske trendar og løysingar for framtidas reiseliv.
Dei er allereie godt i gang med å etablera samarbeid, og er klara for å lansera første episode allereie i mars. “Utruleg lærerikt, kjekt og inkluderande. Og så klart ekstra stas å vinna pris!” seier dei entusiastiske studentane. Som vinnarar av studentprisen stakk dei av med 10.000kr frå HVL Skape si tidlegfasefinansiering.
F.v: Dorte Stedje, Mari Nesset og Amalie Grindedal. Foto: Bård Basberg
Publikum sin favoritt
For første gong på Fjellpitch fekk publikum òg sjansen til å stemma fram sin favoritt, og i år gjekk prisen til Simen Venemyr og Tommy Stigen i Vest BoardGames for spelet SOAP. SOAP lar deltakarane spela ut korte, unike historier i kvar runde, og legg opp til mykje latter, kreativ utfalding og samarbeid rundt bordet.
Vinnarane av publikumsprisen stakk av med ein pengepremie på 10.000kr frå Sparebanken Vest, helgepass i Sogndal Skisenter, billett til Innovasjonsdagen 2025 og rådgivingstimar frå Gasta til ein verdi av 5.000 kr. No vil dei bruka premien til å produsera det fyrste partiet av spelet som dei no har klart til produksjon, og få det ut i marknaden. “Me vil inn i butikkar, og kanskje ser du spelet i hyllene allereie til sommaren!” seier dei ambesiøse gutane.
F.v: Simen Venemyr og Tommy Stigen. Foto: Bård Basberg
I tillegg til dei tre vinnarane var det med fem andre bedrifer som du kan lesa om her:
Hendig Nordic AS - Fredrik Jarstadmarken
Vil tilby hotelleigarar ein veggfast, uttrekksbar skoskei som ikkje forsvinn, og gir hotellgjester eit betra sisteinntrykk. Mange hotell manglar skoskeier fordi dei forsvinn, sjølv om gjester ønskjer dei. Fredrik hadde med seg ein prototype som han viste fram til både publikum og juryen, ei løysing som vil gi meirverdi til hotellrommet og aukar gjesteopplevinga til ein låg kostnad.
NovaCal - Benedicte Søgnen Bendiksen
NovaTech As utviklar ein vegghengt digital kalender for smidig og enkel planlegging av kvardagen. Med e-ink-teknologi samlar NovahCal all informasjon på éin stad, slik at avtalar, aktivitetar og oppgåver alltid er lett tilgjengeleg - ei løysing for familiar som ønskjer ein meir oversiktleg og stressfri kvardag.
Ure / So - Joakim Øyen
Sosiale medium tek opp store delar av kvardagen vår, og styrer nyheiter, våre meiningar og kva innhald me konsumrer gjennom algoritmar. Dei tilpassar seg våre vanar, men kva om me kunne oppdaga innhald på ein ny måte? Dette er det Joakim vil gjera noko med gjennom ei teneste for anmelding av innhald på sosiale medium og gjere det lett for brukerne å finne kvalitetsinnhold.
Saunex - Bendik Furnes og Jørgen Westli
Ønskjer eit mer tilgjengeleg badstuetilbud i Sogndal. Disse vi vil byggje ei flytande, grønn sjølvforsynt badstue med solceller langs fjordstien i Sogndal, lett tilgjengeleg for alle. Tilpassa pris, åpningstider og ullike tilbod og konsept gjer den til eit lokalt, grønt alternativ utan lang reiseveg.
Komida - Kristoffer Engebø
Travle barnefamiliar slit med å finna tid til planlegging, handling og matlaging, og kastar ofte mykje mat. Komida løyser dette ved å automatisera prosessen gjennom ein AI-driven app som foreinklar middagsplanlegging, innkjøp og matlaging.
Med inspirerande idéar, imponerande pitching og sterke ambisjonar, vart Fjellpitch 2025 eit solid bevis på at framtida er lys for unge gründerar i Sogn. Me gler oss til å følgje og støtte desse prosjekta vidare!
Fjellpitch 2025 hadde ikkje vore mogleg utan dei fantastiske samarbeidspartnarane våre: Sparebanken Vest, PwC, Gasta og Meny. Tusen takk til dykk!
Me vil også retta ein stor takk til juryen for innsatsen deira, beståande av:
Stig Ove Ølmheim, Ordførar Sogndal kommune
Arild Sandvoll, Regiondierktør Sogn og Fjordane, SPV
Sigrid Alice Hovland, Innovasjon Norge
Kjetil Kvåle, Kunnskapsparken Vestland
Line Bjelde, Sogn Næring