Parkerte utfordringar og fann løysingar

Foto: 30 Vikjer på Blix, høyrer på innlegg frå Karsten Løvlid i Viksdalen Nærmiljøråd.

Torsdag 27. februar samla over 30 Vikjer seg på Blix hotell. Tema for kvelden var rekruttering til Vik Kommune, korleis me saman kan gå frå utfordringar til løysingar. Initiativet til arbeidsøkta kom frå Highsoft, ei stor og viktig verksemd i Vik Kommune, som opplev utfordringane ved å rekruttere til bygdene. Saman med Sogn Næring, vart det invitert til workshop.

Kvelden vart inneleia av Henrik Holmberg frå Highsoft og Line Bjelde frå Sogn Næring. Etter innleiinga vart Karsten Løvlid, frå Viksdalen Nærmiljøråd. Med iver og engasjement kunne han fortelje om suksessfaktorene frå arbeidet deira. Korleis dei i Viksdalen har lukkast med å rekruttere 20 nye innbyggjarar til bygda, i 2024. Me tek med oss tre essensielle punkt, som skal til for å lukkast med rekruttering og bulyst i små bygder.

  • Finn ildsjelene som brenn for å utvikle bygdene

  • Søk finansiering frå fleire plasser

  • Ha god forståing for og dialog med kommunen

Gruppearbeid og gode diskusjonar

Skal ein lukkast med utvikling og endring kan ein ikkje berre lytte til kva andre har gjort. Utfordringar må drøftast og løysingar må løftast. Og dei beste ideane kjem oftast i samarbeid med andre. Forsamlinga vart delt inn i 8 grupper, som fekk i oppgåve å drøfte 3 spørsmål. Metoden var enkel; først tenke sjølv, så drøfte i gruppe, så dele i plenum. Dei tre oppgåvene hadde som mål å løfte fram utfordringane i Vik Kommune, parkere det me ikkje får gjort noko med, og løfte fram dei ideane som er mogleg å realisere.

Kva har me som kan forsterkast? kva manglar me og kva skal me slutte med?

Det er ingen tvil om at det er mange gode kvalitetar i Vik Kommune, som kan forsterkast. Bilete under illustrerer nokre av dei tinga som vart nemnt på tvers av gruppene.

Illustrasjon: Kva har Vik Kommune, som kan forsterkast

Kva manglar Vik Kommune?

Gruppene vart deretter utfordra på kva Vik Kommune manglar. Også her var det nokre tema som gjekk att på tvers av alle gruppene. Ei av oppgåvene var å sei noko om kva me må slutte med, det vart nemt fleire ting frå dei ulike gruppene, men ein ting gjekk att. Me må slutte å snakke oss sjølv ned!

Illustrasjon: Kva manglar Vik Kommune

Kva får me ikkje gjort noko med og kva kan me få gjort noko med på kort sikt?

Nokre ting er det lite å få gjort noko med, ei av oppgåvene som gruppene måtte løyse var difor å parkere nokre tema, som ikkje let seg løyse. Deretter skulle fokuset over på kva det er mogleg å gjere noko med på kort sikt.

Folkevekst, samferdsel og vidaregåande skule, Vikafjellstunellen og offentleg transport vart nemnd som saker som ein ikkje får gjort noko med, på kort sikt i alle fall. Då burde heller fokuset leggjast på det som kan gjerast noko med. Her vart det spelt opp ei lang rekke initiativ og tiltak, som er enklare å gjennomføre. Under føl ei liste over noko av det gruppene kom fram til:

  • felles kontor/fasilitetar for næringslivet

  • identifisere eldsjeler

  • bruke eksisterande møteplasser oftare

  • inkludere dei som flytter til Vik kommune

  • betre skilting i sentrum

  • tilrettelegging for reiseliv

  • samarbeid mellom verksemder

  • møteplass for ungdom

  • sentrumspark og skaterampe

  • møteplass for tilflyttarar

  • Kristianhus som eit folkets hus

  • 5-årsavdeling i barnehagen

  • oversikt over ledige, tomme hus

  • Badsove og større gym

Noken må gjere det!

Det er enkelt å sitte å skrive på gule lappar, men det er litt meir krevjande å faktisk gå ut å gjere det som blir løfta fram. Som Karsten fra Viksdalen sa, “de må finne eldsjelene”. Den siste delene av arbeidsøkta vart difor brukt på å diskutere nettopp dette. Kven kan gjere kva og kva ressursar trengst?

Så kven er menneskja som skal lage møteplasser for ungdom, sikre betre skilting i sentrum, lage badstove og større gym? Er det kommunen? Turistinformasjonen i Vik? Næringsfondet? Eller har alle eit ansvar for å gjere Vik til ein attraktiv kommune å flytte til og å bli buande i?

Ideane er der, finansieringskjeldene finst og veldig mykje ligg allereie til rette for at å iverksette veldig mange av tiltaka som kom fram i arbyeidsverkstaden. Men spørsmålet er framleis, kven skal gjere det?

Kva skjer no?

Saman med Vik Næringssamskipnad, Henrik og Highsoft, er me i Sogn Næring klare for å kome i gang med arbeidet, men me vil gjerne ha med oss fleire på laget! Ta kontakt med ein av oss, så brettar me opp ermane, saman!

Forrige
Forrige

Ein inspirerande og lærerik studietur til Sofia, Bulgaria!

Neste
Neste

Framtidens verdiskapere: Fylkesmesterskap Ungdomsbedrift 2025