Ein inspirerande og lærerik studietur til Sofia, Bulgaria!

Ein delegasjon frå Sogn reiste nyleg på ein lærerik samling til Sofia som del av EU-prosjektet Green Hydra. På turen stilte Torgeir Skålid frå Sogn Utvikling, Roy Egil Stadheim, ordførar i Vik kommune, og Espen Skjerven Holen, kommunalsjef for samfunn, næring og kultur i Vik kommune og Bård Basberg frå Sogn Næring.

Programmet i Sofia gav oss moglegheita til å besøke fleire viktige aktørar innan hydrogensektoren, og utveksle erfaringar med våre europeiske partnarar. Gjennom møter, presentasjonar og diskusjonar vart det klart at Noreg og Sogn har ei unik posisjon med tanke på grønn hydrogenproduksjon. Vår tilgang på reint vatn og overskotskraft frå vasskraft gjer oss særleg godt rusta til å produsere store mengder grøn hydrogen – ei utfordring fleire andre land slit med.

Det viktige med programmet i Sofia var at vi fekk utveksle erfaringar og diskutere aktuelle saker knytte til hydrogenstrategiar og -politikk. Vidare fekk med gode innspell til korleis me i Sogn kan legge til rette for hydrogenproduksjon og bruk i framtida.

Vi fekk òg besøkt fleire lokale selskap. Mellom anna besøkte vi bedrifta Hydrogenera som jobbar med produksjon og lagring av grøn hydrogen.  

Denne turen stadfesta at arbeidet vi gjer i Sogn, med fokus på å byggje kompetanse og nettverk, er heilt riktig. Prosjekt som Green Hydra gjev oss viktig innsikt i hydrogen som energibærar, og hjelper oss med å utarbeide gode strategiar for framtida.

Takk til våre vertar i Sofia og våre partnarar i Green Hydra for nokre lærerike dagar – no ser vi fram til å ta med oss denne kunnskapen heim og jobbe vidare med satsinga her i Sogn.

Torgeir presenterer status i Sogn for dei rundt 40 deltakarane på samlinga. Green Hydra er eit Interreg-Europe prosjekt kor Sogndal er ein av 11 partnarregionar. Prosjektet støttar regionar i overgangen til grøn hydrogen, med mål om å bidra til det europeiske grøne skiftet.

Studieturen inkluderte òg eit besøk ved Bulgaria sin første hydrogenladestasjon, eit prosjekt leia av forskarar frå Bulgarian Academy of Sciences. Roy nytta høvet til å prøvesitte ein heilt ny Hydrogenbil frå Toyota.

 
 

Hydrogenera er ei innovativ bulgarsk bedrift med spisskompetanse innan heile verdikjeda for grøn hydrogen. Dei leverer løysingar frå produksjon, komprimering og lagring av hydrogen, til integrasjon i eksisterande gassnettverk eller transport ut til ladestasjonar. Torgeir vart fascinert av denne vesle “powerbanken” av hydrogen.

Deltakarar frå elleve europeiske regionar.


Green Hydra har som hovudmål å forbetre politiske initiativ og støtteordningar, slik at små og mellomstore bedrifter (SMB-ar) kan få betre tilgang til prosjekt knytte til grøn hydrogenutvikling. Dette omfattar alt frå forskingsprogram og utviklingsstrategiar til bevisstgjering og pilotprosjekt langs heile verdikjeda for grøn hydrogen.

Bård Basberg

Jeg flyttet til Sogndal som student og ble værende ved å skape min egen arbeidsplass. I jobben i Sogn Næring jobber jeg med nettopp dette - fremme regionen, og å få fremtidens gründere til å starte opp i Sogn!

https://sognnaring.no
Forrige
Forrige

Kokkane fekk dykke ned i sider frå Sogn

Neste
Neste

Parkerte utfordringar og fann løysingar