Kokkane fekk dykke ned i sider frå Sogn

Ni ulike nasjonalitetar var det då kokkar frå fleire av hotella og restaurantane i Sogn var samla på Ciderhuset i Balestrand.

Målet var å bli betre kjend med siderprodusentane i regionen, og lære meir om dei ulike variasjonane som finst av sider frå Sogn. Kokkane var frå Blix hotell i Vik, Kviknes hotel i Balestrand, Tørvis i Luster, Fjærland fjordstove hotel, Smakemeir, Årøy gard, Ciderhuset, Fretheim hotel (Norways best) og Sognasmak/Sogn frukt- og grønt.

Læringspunkta for dagen var: 

🍎Innsikt i produksjonsprosessen frå epletre til flaske, hjå Ølmheim siderhage og Amble gård. 

🍏Innblikk i ulike epletypar, dei fem siderkategoriane Sider frå Sogn er delt inn i, og ikkje minst kva mat dei ulike sidrane passar til. 

🍎At det no er 13 produsentar med produksjonsløyve av sider i Sogn!

Dette var den første fagsamlinga for kokkar i Sogn. Initiativet er ein del av arbeidet med mat og drikke i Sogn, og er støtta av NHO Reiseliv sitt utviklingsfond og Sparebankstiftinga. 

Har du innspel til kva neste samling bør ta føre seg, eller vil du haldast informert om når det blir? Ta kontakt med Sigrid i Sogn Næring!

Forrige
Forrige

Sidertur til England for inspirasjon og innsikt i gamle og nye tradisjonar

Neste
Neste

Ein inspirerande og lærerik studietur til Sofia, Bulgaria!