Skaparkraft hos ungdomen i Sogn
Den 25. april blei den fjortande entreprenørskapsmessa for ungdomskuleelevar i Sogn arrangert, denne gongen i Vik i Blixhalli. Ungdommane fekk vise frem sine kreative sider og gode samhandlingsferdigheter, og ein kunne sjå at det finst mange ungdommar med ein gründer i magen.
Konferansierane frå Flatbygdi skule (Foto: Ingrid Kristoffersen , Ungt Entreprenørskap)
I hallen fekk elevbedrifter frå niande klasse vist fram sine idéar frå stand, medan åttandeklasse var publikum. På messa fekk åttandeklasse og moglegheit til å besøke lokale bedrifter på stand (helse- og velferdstenesta i Vik kommune, Vik Ørsta, Sognekraft, Statkraft, Sogn Sparebank og Sogn brann og redning), høyre føredrag frå gründer og bonde Dag Einar Bøtun, samt besøke lokale bedrifter i Vik sentrum.
Ordaførarane Audun Mo (Lærdal) og Roy Egil Stadheim (Vik) var nysgjerrige på elevbedriftene (Foto: Ingrid Kristoffersen , Ungt Entreprenørskap)
Årets jury, mellom anna vår rådgjever Ida Ramsfjell, hadde ein vanskeleg jobb med velje ut vinnarar i dei sju kategoriane. Til slutt var det desse elevbedriftene som drog heim igjen til sin skule med ein pris:
Beste elevbedrift: Kaupanger bandskule EB– Kaupanger skule
Beste nærmiljø/lokalsamfunnsprosjekt: Magisk film EB– Flatbygdi skule
Beste produkt: Vofferiet EB– Hafslo barne- og ungdomsskule
Berekraftsprisen: EB Thrifting Lærdal – Lærdalsøyri skule
Beste stand: OnFire EB – Lærdalsøyri skule
Beste salsbedrift: Kaupanger kalender 2023 EB – Kaupanger skule
Beste video: Syltegøy EB – Aurland barne- og ungdomsskule
Publikumsprisen: Crocksocker EB – Luster ungdomskule
Dei to gjevaste prisane var “årets elevbedrift” og “berekraftsprisen”. Gutane i Kaupanger Bandskule ynskja å auke kulturtilbodet på Kaupanger og laga difor eit tilbod til dei frå 4. til 7. klasse som ville vere med i eit band. Til slutt lagde dei ein konsert med to band, der dei solgte billettar. Medan Thrifting EB ynskjte å lage ein bruktbutikk i Lærdal, der dei får bruktklede frå innbyggjarane som dei sel billeg.
Årets elevbedritf: Kaupanger Bandskole EB (Foto: Ingrid Kristoffersen , Ungt Entreprenørskap)
Gjengen i Thrifting EB- Berekraftsprisen 2023 (Foto: Ingrid Kristoffersen , Ungt Entreprenørskap)
Gutane i Kaupanger Kalender EB hadde eit imponerande sal, og viste til god kontroll på økonomien til elevbedrifta. (Foto: Ingrid Kristoffersen , Ungt Entreprenørskap)
Sogn Regionråd og Ungt Entrenørskap Vestland hadde gjort ein svært god jobb som hovedarrangørar av messa. Det var og kjekt og sjå dei lokale bedriftene i Vik som åpna dørene for ungdommane. I tillegg til å stille med kreative stander og ta i mot elevar på besøk, ynskja Sogn Sparebank, Sognekraft og Statkraft også å vere med som sponsorar.
PS! I 2024 finne entreprenørskapsmessa plass i Lærdal. Vi håper bedrifter ynskjer å ta i mot neste års åttandetrinn for å vise frem dei lokale jobbmoglegheitane. Dei bedriftene som tok i mot åttendeklasse i Vik i år var: Statkraft, Highsoft, Sognekraft, Linn Bad, Fosse Maskin og Transport, Vik kommune, Vikja, Arkitektfirma Jon Vikøren, Vik Fengsel, Vik Ørsta, Vik Adventures og Petal.
Elevane på bedriftsbesøk hjå Vikja (Foto: Ingrid Kristoffersen , Ungt Entreprenørskap)