Inspirasjonstur til austlandet med ombruk, oppsirkulering og reparasjon i fokus

Forrige veke dro eit heilt busslass frå Sogn til austlandet for å bli inspirert og lære meir om korleis ein kan skape nye moglegheita rundt ombruk, oppsirkulering og reparasjon. Med på turen var ein gjeng med varierte bakgrunn, og vi hadde gleda av å ha med alt frå representantar frå Simas og Sogneprodukt, til næringsrådgjevarar og samfunnsutviklarar i fleire Sogne-kommunar og ombruks-gründerar.

Hamar var første stopp, der dei har fått på plass ein kretsløpspark med miljøstasjon og ombruks-konsept. Ombrukskonseptet der består av fleire bruktbutikkar med eigne fokusområda og sortiment, og gjer innbyggjarane ein moglegheit til å handle miljøvennleg, få reperarert gjenstandar og få inspirasjon om korleir dei kan ha eit meir bærekraftig forbruk.

Vidare gjekk turen til hovudstaden der eit besøk hjå OsloKollega sto for tur, Oslos største arbeids- og inkluderingsbedrift. Her fekk vi eit innblikk i korleis dei driv med arbeidstrening gjennom deira arenaer, som mellom anna OK:data og OK:sykkel.

Siste stopp på turen var innom Omigjen i Asker, som er eit nyåpna ombrukssenter der ein finn butikkar, reperasjon og opplevelsar under eit tak. Målet bak satsinga var å skape eit tilbod for innbyggjera som ønsker å handle ombruksvarer av høg kvalitet, kjøpe kortreist mat, reparerer tingene dei er glad i eller samlast over ein matbit.

Vi reiste heimatte full av inspirasjon som vi skal ta med oss inn i vårt daglege arbeid med å gjere Sogn meir berekraftig gjennom å forbedre tilboda som finnast kring ombruk, oppsirkulering og reperasjon.

Takk for turen!