Test din idé med pop-up i Fjærland 3.juni!
Har du ein god idé, men ikkje turt å ta steget vidare? No har du sjansen til å testa idéen din på ein ekte kundemasse! Saman med Sogndal kommune arrangerer vi ein pop-up dag i Fjærland 3.juni, der vi ynskjer å gje gründera, organisasjonar, lag eller foreiningar moglegheiten til å teste ut ein idè i Mundal sentrum. Målet med dagen er å lære meir om korleis me kan senke terskelen for at eldsjeler og gründerar kan få teste ut nye tilbod og soleis skape aktivitet i tomme lokale.
Har din bedrift, organisasjon eller lag ein idé til noko kommersielt eller ideelt de vil teste i lokalet? Det kan til dømes vere pop-up sykkelservice og -reparasjon, kunstverkstad, plantebyttemarknad, livreddarkurs, familiedisko eller noko heilt anna. Det einaste kravet er at idéen må vere mogeleg å teste ut for ein dag i eit enkelt lokale utan å trenga store ombyggingar eller liknande.
Det er ikkje nødvendig å ha eit registrert føretak eller ein organisasjon for å søke. Det viktigaste er at du klarer å gjennomføre opplegget.
Har du lyst til å vere med å teste din ide? Fyll ut skjemaet her!
Har du spørsmål? Ta kontakt med Birgitte eller Ingrid.