Besøk frå Ovidius Universitetet i Romania
HVL har starta eit toårig mobilitetsprosjekt med Ovidius universitet i Romania. Overordna tema er berekraftig entreprenørskap. Der dei skal bla. lære korleis HVL jobbar med berekraft i akademia, korleis studentane lærar om berekraft og korleis implementere berekraft i ulike emne. Eit anna viktig tema er korleis verkemiddelapparatet nyttar berekraft og berekraftsmåla og korleis dei jobbar med dette.
Dei tok derfor turen innom vårt kontor slik at vi fekk fortelje om korleis vi jobbar med bærekraft. Vi fekk også besøk frå ordførar Arnstein Menes og Stortingsrepresentant Torbjørn Vereide som bidrog med viktige innlegg. Det ligg god til rette for utviklingsprosjekt mellom dei to landa og dei to regionane våre.