Lokale aktørar var med på å inspirere framtidas matarbeidarar

Grunna låge søkartal hausten 2021 starta ikkje Restaurant- og matfagutdanninga ved Sogndal Vidaregåande opp det året. I 2022 ser det ut til å bli godt over 20 elevar på utdanninga. No handlar det om å ta vare på dei interesserte elevane, syne dei mogelegheitene i utdanninga og å motivere dei for ei karriere i mat og drikkenæringane våre.

4. mai inviterte Lerum, Norways Best, Aurland kommune, Sogndal kommune, Sogndal vidaregåande skule og Sogn Næring framtidas matarbeidarar til ein draumedag i Flåm. Til saman møtte 26 elevar som enten har søkt på vaksenopplæring eller den ordinære utdanninga til hausten samt elevar frå 9. klasse som vurderar å søke hausten 2023. I Flåm fekk dei møte Fjordsafari og Flåm Bakeri, før Fretheim Hotel opna dørene til konferansesal og kjøkken.

Ordførarane Trygve Skjerdal og Arnstein Menes ønskte velkommen og fortalde kor viktige matarbeidarane er for både mat- og drikkeproduksjon, reiseliv og alle dei andre kjøkkena i Sogn. Dei la vekt på at dette er ein arbeidsmarknad som står open og er klar til å ta imot nyutdanna. HR-direktør Nils Asbjørn Lie frå Norways Best og adm dir Trine Lerum i Lerum fortalde om sine verksender, og sitt behov for arbeidskraft framover. Rektor Jorunn Felde helste elevane velkomne til skulen og fortalde om dei flotte fasilitetane som ligg og ventar på Campus i Sogndal.

Høgdepunktet for dagen var når kjøkkensjef Bjarte Finne og dagleg leiar i Haugen Gardsmat inviterte til workshop. På menyen sto kveite, kamskjell og østers frå Vestlandet, og Bjarte demonstrerte korleis ein kan tilberede delikatessene. Det var mange som fekk si første oppleving med sjømaten og dei fleste tok utfortdringa på strak arm.

Samlinga vart avslutta med 3-rettars middag i restauranten til Fretheim hotell med skalldyrsuppe, kje frå Haugen Gardsmat og ein sjokoladesessert med geitost som krydder.

Mange flotte smil frå både deltakarar og arrangørar på veg heim gir inspirasjon og tru på at vi saman kan vidareutvikle Sogn til ein framifrå matregion!

 

aktueltGuest User