Velkommen Birgitte!

I dag startar Birgitte Karlstøm i eit engasjement som rådgjevar hos oss i Sogn Næring. Dette er noko vi har sett fram til lenge, og har stor tru på at Birgitte vil vere ein positiv bidragsytar til teamet. Birgitte hadde sitt første møte med Sogn Næring i august 2021 då ho hadde sin praksisperiode her hos oss.

Birgitte er 27 år, og født og oppvaksen i Tromsø. Ho har ein variert utdanningsbakgrunn med eit opphald i Brasil etter VGS før turen gjekk vidare til reiselivsstudiet i Sogndal. «Det var den fine vestlandsnaturen som fekk meg til Sogn» seier Birgitte, som gjerne brukar store delar av fritida i naturen. Etter ein bachelor i reiselivsledelse i Sogndal starta ho ein master i økonomi på Universitetet i Stavanger. Med levert masteroppgåva i juni 2022 og kan ho snart kalle seg siviløkonom med spesialisering i strategisk innovasjonsledelse.   

“Eg blir inspirert av menneske som tør å tenke nytt og utfordre det etablerte. Gleder meg veldig til å bli ein del av ein framoverlent gjeng og bidra til at Sogn blir ein enda meir attraktiv plass å både bu og besøke» seier Birgitte.