Sogn som mat- og drikkeregion i fokus i Berlin!

 

Saman med Sognefjorden Næringshage og Sogn Frukt og grønt hadde vi gleden av å arrangengere studietur til Berlin, med oss på tur hadde vi ein fantastisk gjeng frå Sogn. På programmet stod besøk til verdas største mat- og drikkemesse International Grüne Woche i Berlin, med fokuset “korleis vi saman kan arbeide for å utvikle og bygge Sogn som mat- og drikkeregion”. Teamet for årets tur var profil- og merkevarebygging med utgangspunkt i mat- og drikkenæringane, eit tema som det var lett å hente mykje inspirasjon frå, hos fleire av utstillarane på messa.

Programmet starta med ein tur på Den Norske Ambassaden, der vi fikk eit innblikk i korleis Trøndelag har arbeida for å etablere seg som ein sterk mat- og drikkeregion. Vidare vart det lagt opp til mykje tid på messa, der deltakarane vi hadde med oss fekk i oppgåve å komme med konkrete eksempel på korleis inspirasjon på messa kan takast med heim. Det kom inn fleire gode innspel inspirert av utstillarar på messa, mellom anna det å styrke den lokale identiteten gjennom å bruke lokale produktnavn og syneleggjere mangfaldet av frukt og grønt som finst i Sogn. Viktigheita av at barn og unge kjenner til lokale produkter og produksjonen bak blei også peika på. I tillegg var det eit stort fokus på kva ein kan få til med auka samarbeid mellom produsentar og kommunar - eit konkret initiativ var etablering av skulehagar kringom i Sogn.

Det vart gjennomført fleire arbeidsøkter for å diskutere på tvers av aktørane som var med på turen, og for å stake ut vegen vidare for Sogn som mat- og drikkeregion. Turen vart toppa med cidersmaking på lokale produkt frå Sogn, og ikkje minst verdaspremiere på to nye produkt som snart kjem på marknaden.

Som arrangørar vil vi takke alle som var med på turen for godt selskap og mange gode diskusjonar, og vi gler oss til å arbeide videre saman med ei fremoverlent næring om å byggje Sogn som mat- og drikkeregion!