Sognatinget på moglegheitsverkstad
Under Forskningsdagane 2022 blei det arrangert moglegheitsverkstad for Sognatinget, der dei saman blei utfordra til å sjå korleis kommunane og Høgskulen på Vestlandet kan jobbe i lag for å utvikle Sogn. Bakgrunnen for verkstaden er samarbeidsprosjektet "Samskaping for eit berekraftig Sogn”, der Høgskulen på Vestlandet arbeider med å lage eit felles tverrfagleg kurs. Kurset skal bidra til å koble studentar enda tettare på næringsliv, offentlig sektor og frivillige organisasjonar i regionen.
Arbeidsgruppene kom fram til fleire utfordringer som gjekk på tvers av kommunegrenser, og blei deretter utfordra på å finne svar på korleis dei kunne løyse utfordringene saman med HVL. Resultatet blei mange gode forslag på korleis samhandling mellom kommunane i Sogn og Høgskulen på Vestlandet kan bidra til å skape eit enda meir berekraftig Sogn, noko som vil bli tatt med vidare i prosessen med utarbeidelse av emnet.
Vi takkar Sognatinget for deltakinga!