Byggjer den grøne regionen

Vestland Fylkeskommune sitt prosjekt Grøn region Vestland er ei oppfølging av arbeidet med den regionale og scenarieanalyse for Vestland. Prosjektet skal etablere eit rammeverk for Vestland gjennom å avdekke verdikjeder og forretningsområde. Resultata skal brukast som grunnlag i arbeidet med å realisere potensialet for grøn omstilling i fylket.

Det er etablert 4 subregionar i fylket i arbeidet, og subregion Indre Vestland utgjer Sogndal, Voss, Hardanger og Sogn. Frå Sogndal sit tenesteleiar Joakim Systaddal i den regionale arbeidgruppa, medan Karina Nerland frå Sogn Regionråd representerer Sogn.

Forrige veke fekk vi fylkeskommunen sin prosjektleiar, Lasse Anke Hansen saman med prosjektstaben frå konsulentselskapet EY på besøk til Sogndal og Vik for å få innspel. I Sogndal møtte dei arbeidsgruppa for prosjektet med ordførar Arnstein Menes, tenesteleiar Joakim Systaddal og Line Bjelde frå Sogn Næring. I tillegg møtte Torgeir Skålid frå Sogn Næring.

I møtet vart gruppa introdusert til vekstkommunen i Vestland som i 2040 har den yngste befolkninga i landet. Det vart løfta mange potensielle satsingar i Sogndal, td reiseliv, mat og drikke, hydrogenproduksjon, næringsutvikling med utgangspunkt i fornybar energi, digitale løysingar for offentleg sektor, distribuerte arbeidsfellesskap i Sogn og mykje mykje meir.

Turen vidare for prosjektstaben gjekk vidare til Vik der dei møtte Jorunn Åsfrid Røyrvik frå Vik Næringssamskipnad og Blix Hotel. Jorunn presenterte potensialet for næringsutvikling i Vik

Grøn Region Vestland vil legge mange av premissane for arbeid med næringsutvikling i regionen dei neste åra, og det er viktig at både kommunar, næringsliv og verkemiddelaktørar føl arbeidet tett.

aktueltGuest User