KI på læringslabben

 

Tema var KI ABC, kurshaldarane frå Digital Norway og deltakarane engasjerte Sogningar med målsetnad om å lere meir om korleis KI kan utvikle eiga verksemd.

Før lunsj fekk vi eit kræsjkurs i teorien bak KI, mens tida etter lunsj vart brukt på praktiske eksempel, i tillegg fekk vi presentert korleis Vestlandsforsking arbeida med KI og stordata og kva for verkemiddel dei har for å kunne bistå næringslivet med innovasjonsprosjekt. Til slutt presenterte Jostein Orvedal frå Sognekraft eit spennande case om korleis dei jobba med stordata for å mellom anna planlegge kraftproduksjonen.


Har di verksemd eit kompetansebehov og ynskjer eit kurs om tema, ta kontakt med Karoline@sognnaring.no for ein prat om kva vi kan levere.

 
Line Bjelde