Vestlandskonferansen til inspirasjon og refleksjon
Tysdag 5. april var det igjen duka for Vestlandskonferansen Bergen. Allereie frå tidleg morgon byrja aulaen i Grieghallen fylle seg opp av forventningsfulle gjester. Kvantespranget stod som overskrift og det mangla ikkje på kjende og kunnskapsrike namn som skulle på scena i løpet av programmet.
Dagen byrja som annonsert, presis kl. 9. Dei fleste i salen sat framleis med morgonkaffen i handa då salen vart fylla av musikk, På scena stod HighasaKite. Dei skulle følgje oss heile dagen, servere små drypp av deira velkjende og flotte tonar.
Startskotet satte standarden for resten av konferansen. Over 40 mennesker skulle i løpet av dagen innom scena og dele av sin kunnskaps og sine refleksjonar kring det grøne skiftet og korleis vi i Vestland må handle no, for å henge med, for å bidra og for å bruke dei komande utfordringane til ei moglegheit.
Programmet baud på innsikt, refleksjonar og tankar til inspirasjon og ettertanke. Som landets viktigaste vekstmotor gjennom generasjonar, bør Vestlandet bruke klimakrisa til å tvinge fram nye tankesett, nye løysingar og ny teknologi - Det krevst eit kvantesprang.
Sparebanken Vest, tusen takk for oss. Vi tek med oss masse ny inspirasjon og kunnskap tilbake til Sogn og gler oss allereie til neste års konferanse.