Sirkulært klimasprang

Saman med Sogndal kommune, Vitemeir og Simas skal vi arbeide for å mobilisere heile kommunen til å ta eit klimasprang dei neste to åra. Kaupanger skal stå i bresjen for satsinga, med industriområde som faneberar og kunnskapshub.

Klimaspranget skal skape synergiar mellom tre ulike initiativ knytt til 1) Simas sin nye gjenbruksstasjon, 2) Kaupanger Næringsforening sine ambisjonar om sirkulær industripark og 3) vitensenteret Vitemeir sin kunnskapsformidling til born og unge om sirkulære moglegheiter.


Klimasatsmidlar frå Miljødirektoratet

I forrige veke fekk prosjektet innvilga klimasats-søknaden og oppstartsmøte for prosjektet skal haldast denne veka. Er du interessert i å høyre meir om det sirkulære klimaspranget så er du velkommen til å ta kontakt med Line.

aktueltLine Bjelde