Godt nytt år
01.01.2020 blei vi ein del av ein ny kommune – Balestrand-, Leikanger- og Sogndal kommune er no slått saman til ein. For Sogn Næring sin del betyr dette at me utvidar det geografiske nedslagsfeltet vårt, og vi gler oss til å til å bli betre kjent med næringslivet i heile den nye kommunen. I første omgang vil de kunne møte oss på ulike lunsjarrangement rundt om kring i kommunen, og me håpar at mange vil ta turen. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss. Informasjon om arrangementa finn de på vår nettside eller på Facebook.
Kommunestyret skal i løpet av våren handsame strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling. Denne er utvikla i dialog med næringslivet, og næringslivet vert involvert i det vidare arbeidet. Innhaldet i planen vil igjen danne grunnlag for tenestespekteret vi i Sogn Næring kan tilby.
Det meste av arbeidet vårt reknar vi med å vidareføre. Vi skal leggje til rette for deg som ynskjer å starte eiga bedrift eller utvikle eksisterande verksemd. Vi kan bidra med hjelp til utvikling av din forretningsidè, gjennomgang av forretningsmodell, rettleiing til kapitalverkemidlar, kontorplass, nettverk lokalt og regionalt samt bistå ved kompetansebehov. Profilering og rekruttering vert og viktige oppgåver for oss framover, eit arbeid vi håper heile Sogneregionen kan stå saman om.
Vi skal og byggje ein samanhengande utviklingsstruktur i kommunen. Denne tek utgangspunkt i Skaparstova i Balestrand, Leikanger Næringshage, Gründersenteret FUS på Campus Sogndal og den nye næringssatsinga rundt Vite Meir på Kaupanger. Vi gler oss til å skape innhald i denne og møte alle entusiastane i lokalsamfunna våre.
Dei kommunale næringsfonda er historie når vi går inn i Vestland Fylkeskommune. I budsjettvedtaket før jul står det imidlertid at ei gjeninnføring av dette skal vurderast frå 2021.
Vi er per i dag 2 tilsette i selskapet, dette kan auke i løpet av året. Vi tek gjerne imot utfordringar frå næringslivet. Ta kontakt på telefon eller e-post, så skal vi gjere alt vi kan for å svare deg iløpet av 24 timar.
Helsing frå oss i Sogn Næring
Gunn-Cecilie Timberlid Hundere, gunn-cecilie@sognnaring.no
Torgeir Skålid, torgeir@sognnaring.no