Lunsj med påfyll: Brent ved fjorden - Sognefjord kaffibrenneri
Holmatunet, torsdag 16. januar klokka 11.30. Er du ikkje i Balestrand, kan du følgje arrangementet nederst i denne artikkelen.
Kjetil Russenes fekk idéen til Sognefjord Kaffibrenneri rundt leirbålet, og etter det gav full gass. No finn du kaffien hans i heile Sogn, og siste nytt er satsing på kaffibar i Sogndalsfjøra.
Bli med når Kjetil deler gründerhistoria si i Balestrand. Akkompagnert av sin eigen lokalbrente kaffi, fortel Kjetil om gründerlivet sine oppturar og nedturar og litt om korleis han vil vidareutvikle bedrifta si.
Du finn arrangementet på Facebook, kjekt om du deler og melder deg på.
Vi i Sogn Næring har gode erfaringar med lågterskel lunsjsamlingar som møteplass for næringslivet. I 2020 satsar vi saman med Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Sognefjorden Næringshage friskt med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Kjetil Russenes sitt innlegg vert strøyma under til deg som ikkje kan ta turen til Holmatunet.