HVL + Sogn Næring- har det ein effekt?
Det er no litt over eit halvt år sidan den signerte samarbeidsavtalen mellom HVL og Sogn Næring vart sett i verk. På dei seks månadene har vår rådgjever Ida har blitt mange erfaringar rikare og dei tek ho med seg vidare i arbeidet frem mot sommaren og studiestart i august.
Eit samarbeid om mobilisering og kulturbygging for gründerskap blant ungdom og studentar var eitt av måla for avtala. Gründerskap er ei satsing i begge dei to organisasjonane, der Høgskulen har studenttilbodet HVL Skape medan Sogn Næring har ein eiga gründerteneste. Etter eit halvt år ser ein at HVL Skape- gjengen, med Ida og dei to studentassistentane Jim Skarstein og Lars Røyrhus, framleis har ein jobb å gjere med å få tilbodet meir kjend blant studentane. Det har likevel vore mykje positivt dei siste månadene; det var ein stor bonus at HVL Skape fekk deira eige kontor på høgskulebygget, og det var moro å sjå fleire studentar delta på Fjellpitch 2023. I tillegg har det vore ei auke i talet studentar som har delteke på diverse arrangement- både i regi av HVL Skape, men også av Sogn Næring. Ein ser at studentane mellom anna finn «frukostmøta» Sogn Næring arrangerer som interessante. Og sist men ikkje minst har HVL Skape fått fleire førespurnadar frå studentar i Sogndal om rettleiing av deira forretningsidé. Her har det ved fleire høve vore naturleg å kople studentane opp mot Sogn Næring for vidare eller parallell rettleiing.
I koplinga mellom HVL og Sogn Næring, såg vi raskt at det låg ein vinn-vinn-situasjon mellom lokale aktørar og studentane. Studentane har uttrykt at dei saknar å jobbe med «ekte» problemstillingar, og mange av dei lokale aktørane ynskjer nye auge på deira utfordringar. Difor har Sogn Næring og HVL Skape arrangert arbeidsverkstader, der studentane jobbar med case etter innovative metodar. Erfaringa er at dette kan resultere i heilt nye idéar og tankar, samt at meiningane til studentane ofte er viktig for lokalsamfunnet.
I tillegg til eigne arrangement utanfor klasseromma, ynskjer HVL Skape å ta med offentleg og privat sektor i Sogn inn i klasseromma. Det blir mellom anna for tida jobba videre med caset frå Fresvik i ein reiselivsklasse ved «COIL-metoden» (COIL= Collaborative Online International Learining». Her ser studentar frå HVL Campus Sogndal saman med studentar frå Romania på kva ein kan gjere med det tomme bygget i Fresvik med eit stort reiselivspotensiale.
Arbeidet med å knytte HVL og Sogn enda tettare saman vil fortsette framover, og vi har stor tru på at den delte stillinga vil fortsette å byggje viktige bruer. Om du har ein problemstilling du trur det hadde vore interessant å knytte til studentar - ta kontakt med Ida for ein prat.