Lokalsamfunnsutvikling, næring og infrastruktur – korleis heng dette saman?

Mandag 17. april var over 16 samferdeselsentusiastar samla i Sogndal. Fjordvegen rute 13 arrangerte sin årlege konferanse med det overordna tema NTP som reiskap for kva?

Saman med ordførar Arnstein Menes fekk vi æra av å starte konferansen med eit innlegg om korleis lokalsamfunn, næring og infrastruktur heng saman. For sogningar og vestlendingar er det heilt opplagt at dette heng tett saman. Vi bur i ein region der veg og infrastruktur gir rammene for den utviklinga vi har skapt til no, og som er med å legge føringar for den vidare utviklinga av regionen.

Som næringsutviklar i Sogn er eg imponert over å ha fleire verksemder som er marknadsleiar i sine bransjar og at det er eit yrande næringsliv av lokale verksemder som finn lønsemd i sin marknad, trass i dei naturgitte føresetnadane vi har å forholde oss til.

Resten av programmet bestod av ein god kombinasjon av fagleg påfyll og politiske innlegg frå lokale og fylkeskommunale politikarar. I pausane gjekk var det mange gode diskusjonar kring rassikring, ferjesamband, Vikafjellet og stenging av Lærdalstunellen. Dei frammøtte fekk og smake lokale smaksprøvar av lokalmat, som spekekjøt frå Vikja, bringebærjus frå Vik og fårepølse frå Fardal.

Vi er takksame for at vi fekk vere vertskap for konferansen og vi ser fram til å sjå kva fjordvegen samla kan oppnå inn mot NTP og nye vegar.

Foto frå den politiske debatten med statssekretær Tom Kalsås og Stortingsrepresentantane Ingrid Fiskaa, Sofie Marhaug, NIls T. Bjørke, Alfred Bjørlo og Olve Grotle. Konfransier: Anne Mette Hjelle. Bilete er henta frå fjordevgen.no

aktueltLine Bjelde