Lunsj med påfyll: Størst mellom Bergen og Trondheim - i Sogndal!

Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand, torsdag 6. februar 2020 frå 11:30. Du kan og sjå innlegget direkte nederst på denne sida.

Jørgen Christian Lindstrøm, eigar av Quality Hotel Sogndal, har bygd det største hotellet mellom Trondheim og Bergen. Kva er strategien bak satsinga, og korleis går det? Jørgen Christian kjem til Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand for å inspirere torsdag 6. februar.

-------------------------

Med gode erfaringar frå lågterskel lunsjsamlingar hausten 2019, satsar Sogn Næring, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sognefjorden Næringshage og FUS Sogn friskt i 2020, med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

Video: Kent Fimreite

arrangementGuest User