Klimaomstillingskonferanse i Sogndal
Små og mellomstore bedrifter speler ei viktig rolle i klimaomstillinga, og var eit av bodskapa Sogn Næring tok med oss heim frå klimaomstillingskonferansen i Sogndal.
To dagar med klima var på agendaen då Klimaomstillingskonferansen 2023 gjekk av stabelen i Sogndal denne veka. Her ble mange spennande og relevante tema presentert og det blei stilt viktige spørsmål som må løysast i framtida. Arrangementet tiltrakk seg representantar frå kommunar, fylkeskommunar, Statsforvalteren, utdanningsinstitusjonar, næringsliv og andre engasjerte menneske.
Omstilling i næringslivet er ei sentral brikke for at regionen skal klare å nå måla dei har satt seg innan 2030. Tematikken blei også løfta opp på konferansen, gjennom ein panelsamtale om korleis vi skal få heile næringslivet med på det grøne skiftet. Med i samtalen var det representantar frå Klimapartnere Vestland, Grønn region Vestland, Sparebanken Sogn og Fjordane, Norengros og Innovasjon Norge. Hovudpoenget i samtalen var at små og mellomstore verksemder spelar ein viktig rolle i omstillinga, og at det er eit stort ynskje om å omstille seg i næringslivet i regionen. Risiko vart også eit sentralt ord, då det ble nemnt korleis det både kan vere ein risiko viss ein ikkje omstiller seg, og hvis ein omstiller seg “for fort”.
Dei frammøtte fekk en pangstart på dagane med ein aksjon i regi av “Stopp oljeleitinga Sogndal”. Dei valte å sette lys på problemstillinga ved tildelinga av nye olje-løyve på norsk sokkel ved å marsjere gjennom Gravensteinsgata. Fleire av foredragshaldarane på konferansen drøfta sivil ulydigheit som ein aksjonsform som oppstår når folk opplever at myndigheitene sviktar i saker dei bryr seg om.
Mange i Sogn dykkar ned i sirkulær økonomien si verd for tida. Ein av tema-seksjonane den første dagen var via til nettopp «Ein økonomi utan vekst» og korleis vi kan skape sirkulæritet i byggeprosjekt, arealnøytralitet og korleis involvere lokalbefolkning i berekraftige nabolagprosjekt.
På dag to av konferansen fekk dei frammøtte høyre Carlo Aall frå Vestlandsforsking fortelje om naturvern for natur og naturvern for klima, og korleis ein kan konstruere, restaurere og bevare natur som tiltak i klimaomstillinga. Deltakarane fekk også ein smugkikk på eit nytt verktøy, utvikla i prosjektet Vannklimrisk, som skal hjelpe kommunar og andre planmyndingheiter å få oversikt over miljøgifter på avvege i eit klima med meir nedbør og større avrenningar frå land til sjø.
Er bedrifta di ei av dei som er gira på å begynne med omstilling, men veit ikkje heilt kvar de skal starte? Eit par nyttige verktøy er:
klimakost.no: Ein enkel mal for klimarekneskap, der du kan få oversikt over kvar di bedrift har størst moglegheit for å kutte utslepp - og kanskje nokre kostnadar i same slengen.
Miljøfyrtårn: Ei sertifisering som skal hjelpe bedrifter til grøn omstilling og auka konkurransekraft.