Vi styrkar teamet med ny rådgivar

Bli kjent med vår nye rådgivar Bård Basberg, som har runda si første veke i Sogn Næring. Basberg har fleire år erfaring som som gründer og sjølvstendig næringsdrivande, og tek med seg mykje kompetanse på digital marknadsføring og merkevarevarebygging inn i laget. Velkommen, Bård!

Bård Basberg på eit fjell med ski på sekken og spisse fjell i bakgrunnen.

– Kven er du?

– Siviløkonom med en master i marknadsføring og innovasjon fra HVL. I mange år har eg drive for meg sjølv som fotograf, og har førstehandserfaring med å starte og drive for meg sjølv. Eg har vore ansatt i SGN skis, ein Sogndalsbasert skiprodusent, omtrent sidan oppstarten, og jobba som marknadsansvarlig der dei siste åra.

– Kvifor Sogn?

– Eg flytta til Sogndal som student, og som for mange andre var det friluftslivet som opprinneleg gjorde Sogn attraktivt. Etter studia ville eg fortsette å bu her, og var motivert til å skape min eigen kvardag og draumejobb. Eg har etterkvart lært å kjenne andre kvalitetar i regioen som dyktige og kompetende menneske, godt miljø og spennande næringsliv.

– Og ikkje minst, kvifor vil du jobbe i Sogn Næring?

– Eg har jo sjølv erfaring som gründer, og ser på dette som ein gyllen moglegheit til å hjelpe andre med den draumen også! Ikkje minst valde eg å busette meg her, og eg vil bidra til å legge til rette for at Sogn held fram å vera eit attraktivt område å busette seg i. Eg har også vore gründer med plass på Campus, så det blir kjekt å komme tilbake på “den andre sida av bordet”.

– Kva engasjerer deg?

– Eg har jobba mykje innan marknadsføringsfeltet, og har ei stor interesse for dette. Spesielt korleis bygge gode merkevarer, og korleis formidle dette gjennom gode historier og god kommunikasjon. Eg synes det er spennande med ny teknologi og digitalisering, og korleis bruke dette for å utvikle og framtidssikre bedrifter. 

Bård tok til hos oss 1. mai. Har du spørsmål til vår nye rådgivar, kan du nå han på bard@sognnaring.no.

Sigrid Skjerdal