Korleis skal vi i Vestland vinne kampen om kompetanse?
Det var temaet då NHO Vestlandet inviterte til Kompetansetreffet 2022 på Quality Hotel i Sogndal. Sjølv om det aldri før er utdanna fleire menneske i Noreg enn det har vert gjort dei siste 10 åra er kompetansegapet stort og arbeidsløysa log.
Tord Hauge frå NHO innleia dagen med å presentere kompetansebarometeret frå 2021, som viser at heile 2 av 3 verksemder har meldt at dei har eit udekka kompetansebehov. Verksemdene har stort behov for tilsette med fag/svennebrev, ingeniør/teknisk kompetanse og handverkarar. Lokale verksemder som Lerum og Highsoft ga oss eit innblikk i korleis dei arbeide med rekruttering og trivsel og korleis dei legg vekt på viktigheita av å vere ein del av eit sosialt fellesskap på jobb, og Anne-Sofie Åmodt frå Opinion kunne bekrefte at den yngre generasjonen med arbeidstakera verdset eit godt arbeidsmiljø, saman med personlige interesser og løn når dei skal velge jobb.
Gjennom eit fullpakka program fekk vi også høyre meir om viktigheita av å rekruttere frå heile befolkninga, og InClue fortalde om korleis ein kan styrke resultatet til verksemda gjennom å sikre mangfald blant sine tilsette med fordomsfri rekruttering. Framtidsfylket var også til stades med eit kreativt innslag om korleis verksemder bør utvide rekrutteringsstrategien til å bli ein attraktivitetsstrategi, der dei la vekt på at verksemder kan bli flinkare på å vise meir enn kun stillingsannonsa når dei skal rekruttere nye tilsette. Programmet blei avslutta med fokus på dei unge, der innslaget frå NHO Nordland om samarbeidsprosjektet 1000 jobbar inspirerte til å tenkje nytt om korleis ein kan vise fram alle moglegheitane i regionen til dei unge gjennom å samle alle sommarjobbane på ein plass.
Vi takkar NHO Vestlandet for ein innhaldsrik dag, som ga oss nyttig innsikt i vårt arbeid med å gjere Sogn meir attraktiv for både eksisterande og ny kompetanse.