STRAKSTILTAK FOR KLIMATILPASNING

 

Næringslivet har ei sentral rolle i samfunnet si evne til å handtere og redusere risiko med eit klima i endring. Samstundes har kvar verksemd ein sterk eigeninteresse i å forstå og redusere risikoen klimaendringane representera for si virksomheIt. Les heile saka med forslag til tiltak på: strakstiltak.no

1 KARTLEGG FYSISK KLIMARISIKO FOR VERKSEMDA

Alle verksemder bør byrja arbeidet med å kartlegge økonomiske og praktiske konsekvensar for sin eigen del, og ta høgde for større klimamessige svingningar dei neste tiåra.

2 LÆR AV ANDRE

Arbeid med klimarisiko og klimatilpasning er for mange eit nytt tema. Spesielt for dei verksemdene som startar med blanke ark vil det vere nyttig å sjå kva andre sammenlignbare verksemder gjer, og lære av deira erfaringar.

3 AUK KOMPETANSE I EIGA VIRKSOMHEIT

Identifiser ein person internt som har ansvar for arbeidet med klimatilpasning. Ansvaret bør ligge med ein i leiargruppa for å sikre at det blir prioritert.

4 DEFINER AKSEPTABELT SKADENIVÅ

Dagens kunnskap om klimaendringar vise at mange verksemde direkte eller indirekte må forvente å oppleve skade som følje av klimaendringar. Noko av denne skaden kan forebyggast gjennom tiltak, til en viss kostnad.

5 BRUK ARBEID MED KLIMATILPASNING SOM EIN FORRETNINGSMOGLEGHEIT

Klimatilpasning handlar om risikoreduksjon. Dei veksemdene som tidleg klarar å tilpasse seg og legg fram tydelege klimatilpasningsstrategiar, kan oppnå konkurransefordelar.

6 IKKJE VENT PÅ KRAV OM RAPPORTERING – START MED Å RAPPORTERE NO!

Erfaringa frå selskap som allereie er i gang med klimatilpasning er at rapportering på arbeide er eit nyttig grep for å synliggjere verdien av arbeide internt og eksternt.

7 DEL DATA OG KUNNSKAP

Tilgang til data om sårbarhet og konsekvensar er ein forutsetning for gode analyse og påfølgende tiltak, og det er viktig at næringslivet bidrar til at data blir samla og gjort tilgjengeleg.

8 SAMARBEID MED – OG STILL KRAV TIL – MYNDIGHEITEN

Det er avgjerande, også for næringslivet si evne til klimatilpasning, at myndigheitene er tydelege på kven som har ansvar og dedikera ressursar til å kartleggje sårbarhet for og konsekvenser av et klima i endring.

aktueltKaroline Myklebust