Kurs: Teknologi for forretningsutvikling
Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen tilbyr no kurspakken Teknologi for forretningsutvikling, som er klar for oppstart våren 2021. Kurspakken innheld fire frittståande kurs:
Innføring i programmering
Innføring i stordata
Innføring i maskinlæring
Innføring i innebygde systemer
Det blir tilrådd å byrje med innføring i programmering sidan grunnleggjande kunnskapar om programmering er ein føresetnad for å få utbytte av de andre modulane.
Det vert gjennomført eit kurs kvart semester i pilotfasen 2021-2022. I denne fasen vil kursa vere gratis.
Alle emna vert tilbydd nettbasert. Du søkjer på eitt og eitt emne, og søknadsfristen er 5. januar for det første emnet. Lenkje til meir informasjon og påmelding:
https://www.uib.no/nb/utdanning/evu/140448/teknologi-forretningsutvikling