Lunsj med påfyll: Sogndal kommune!

Onsdag 15. januar 2020 klokka 11.30, 2. etasje Innovasjonsbygget, Campus Sogndal. Ikkje i Sogndal? Du kan følgje ordføraren sitt innlegg direkte nederst i artikkelen.

15. januar er Sogndal kommune 2 veker gamal, og ordførar Arnstein Menes kjem til Campus Sogndal for å snakke om sine planar og draumar for den nykonstruerte kommunen.

Vi i Sogn Næring har gode erfaringar med lågterskel lunsjsamlingar som møteplass for næringslivet. I 2020 satsar vi saman med Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Sognefjorden Næringshage friskt med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

https://www.facebook.com/events/2903357306383292/ Video: Kent Fimreite

arrangementGuest User