Lunsj med påfyll: FOU som verkemiddel for utvikling
Onsdag 22. januar 2020 frå 11:30 til 12:15
2. etasje Innovasjonsbygget, Campus Sogndal
Er du ikkje på Campus? Vi strøymer innlegget nederst i denne artikkelen.
FOU er eit viktig verkemiddel for utvikling i næringslivet. Merete Lunde frå Noregs forskingsråd kjem for å inspirere og fortelje om potensialet og om finansieringsløysingane dei tilbyr.
Vi i Sogn Næring har gode erfaringar med lågterskel lunsjsamlingar som møteplass for næringslivet. I 2020 satsar vi saman med Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Sognefjorden Næringshage friskt med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.