Lunsj med påfyll: Offensiv satsing av Osland på Hermansverk

Torsdag 23. januar 2020 frå 11:30 til 12:15, Cafe Herman, Hermansverk. Er du ikkje tilstades? Vi strøymer innlegget nederst i denne artikkelen.

Etter overtakinga på Hermansverk har Osland Havbruk As satsa friskt. Til det første Lunsj med påfyll-arrangementet på Leikanger kjem Bjarne Sjøthun for å fortelje om satsinga, og kva som er dei vidare utviklingsplanane.

Vi i Sogn Næring har gode erfaringar med lågterskel lunsjsamlingar som møteplass for næringslivet. I 2020 satsar vi saman med Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Sognefjorden Næringshage friskt med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

https://www.facebook.com/events/446733326019984/ Video: Kent Fimreite

arrangementGuest User