Lunsj med påfyll: HVL - ein lokal utviklingsaktør?

2. etasje Innovasjonsbygget, Campus Sogndal, onsdag 5. februar frå 11.30. Vi strøymer innlegget nederst på denne sida.

Høgskulen på Vestlandet HVL har ambisiøse ambisjonar og ønskjer å vere ein viktig utviklingsaktør i regionen. Korleis kan HVL bidra og korleis kan næringsliv og lokalsamfunn i Sogn mobilisere utviklingskrafta som ligg i høgskulen? Bjørg Kristin Selvik har, i tillegg til å være prorektor for utdanning, spesielt ansvar for nærregion Sogn og Fjordane.

-------------------------

Med gode erfaringar frå lågterskel lunsjsamlingar hausten 2019, satsar Sogn Næring, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sognefjorden Næringshage og FUS Sogn friskt i 2020, med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

Video: Kent Fimreite

arrangementGuest User