Lunsj med påfyll: Innovasjon Norge sine verkemiddel
Vesterland Feriepark torsdag 30. januar klokka 11:30. Sjå innlegget direkte nederst i denne artikkelen.
Innovasjon Norge sine verkemiddel er stadig i endring. Avdelingsleiar Kristine Kopperud Timberlid frå kontoret i Sogndal kjem med siste nytt, og nokre gode tips til korleis bedriftene bør gå fram.
-------------------------
Med gode erfaringar frå lågterskel lunsjsamlingar hausten 2019, satsar Sogn Næring, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sognefjorden Næringshage og FUS Sogn friskt i 2020, med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.