NÆRINGSLIVSFRUKOST: Når kunden alltid har nett

Næringslivsfrukost: Når kunden alltid har nett - er netthandel og digitalisering ein trussel eller mogelegheit for handelsnæringa?

Saman Kaffibar, Innovasjonsbygget, Campus Sogndal 28. januar, kl. 0730.

Påmeldinga er avslutta, men du kan sjå innlegga nederst i artikkelen

Det blir servert frukost. Arrangementet er gratis, men det er eit avgrensa tal plassar. Meld deg på innan 15. januar i skjema nederst på sida

Tysdag 28. januar inviterer Sogn Næring, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sognefjorden Næringshage til frukostsamling for næringslivet. Tema for samlinga er utfordringane netthandel og digitalisering potensielt kan gje handelsnæringa.

Wilhelm Tangerud er senterleiar på Amfi Sogningen. På 27.000 m² finn du over 50 butikkar innan ulike bransjar. Tangerud er oppteken av at kjøpesentera må utvikla seg kontinuerleg. Ein må alltid følge med og vere med på trendane både på nett og hjå folk. På samlinga vil han fortelje om netthandelen si utvikling i Noreg, og kva lokale butikkar kan gjere for å konkurrere med dei store utanlandske nettselskapa.

Astri Knudsen driv content marketing-selskapet Drople som lagar målretta innhald til nettsider, sosiale medium, nyheitsbrev med meir. Innhaldet gjer bedrifter meir synlege, interessante for kundar og spennande for arbeidstakarar. Drople samarbeider med Gasta, og saman kan dei tilby godt innhald, fin nettside og auka treff på søk og annonsering. Hjå oss vil Knudsen snakke om marknadsføring i sosiale media – korleis bli synleg?

Nessemaskin er forhandlar av utstyr og reiskaper for landbruket, og har halde til i sjøkanten på Nessane i over 120 år. Målet deira er å levere gode og varige produkt til landbruket, samtidig som dei skal konkurrere med de store kjedene på både levering, sendetid og pris. I 2019 lanserte dei nye nettbutikk, og har stor suksess med den. Til oss kjem Kjartan Myrhol for å fortelje om korleis dei har lagt til rette for den aukande interessa for å handle på nett, korleis de vil utvikle dette framover og kva netthandel har betydd for distriktsbedrifta.

Til samlinga kjem også Tor Arne Ness, dagleg leiar i Toyota Sogn. Med ein marknadsdel på 20-25% over mange år, er Toyota blant dei aller største bilmerka i Sogn. Toyota er ein av verdas leiande bilprodusentar, og det vert investert mykje for å fortsatt kunne vere fremst både i teknologi og på miljøvenlege løysingar. Tor Arne Ness vil fortelje om digitalisering, netthandel og mobilitet i bilbransjen. Korleis tenkjer Toyota rundt dette og korleis påverkar dette potensielt satsinga i Sogn?

Vi ynskjer velkome til Campus 28. januar.

https://www.facebook.com/events/812953362473376/ Video: Kent Fimreite

aktuelt, arrangementGuest User