Lunsj med påfyll: Museumssuksess i Fjærland

Torsdag 27. februar 2020 klokka 11:30, Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand , livestream nederst i artikkelen.

Invitér gjerne venner via Facebook

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har frå starten i i 1991 vore ein stor suksess og har og har dei tre siste åra eit snitt på 80 000 besøkande. Kva er suksessfaktorane og korleis ser framtida ut for museet i fylket med mest besøk? John Brekke er avtroppande direktør for Norsk Bremuseum, og kjem til Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand og Lunsj med påfyll.

-------------------------

Med gode erfaringar frå lågterskel lunsjsamlingar hausten 2019, satsar Sogn Næring, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sognefjorden Næringshage og FUS Sogn friskt i 2020, med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal.

Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

Video: Kent Fimreite

arrangementGuest User