Lunsj med påfyll: Produktslepp frå Lerum

Onsdag 26. februar 2020 klokka 11:30, 2. etasje Innovasjonsbygget, Campus Sogndal

Med lidenskap og kunnskap om foredling av ekte frukt og bær har familien Lerum sidan 1907 safta og sylta i Sogn. I veke 8 lanserar dei heile 14 nye produkt, og DU kan bli ein av dei første som får sjå og smake. Administrerande direktør, Trine Lerum Hjellhaug & co kjem til 2. etasje på Innovasjonsbygget for å presentere produkta.

Med gode erfaringar frå lågterskel lunsjsamlingar hausten 2019, satsar Sogn Næring, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sognefjorden Næringshage og FUS Sogn friskt i 2020, med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal.

Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss og inviterte gjester deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Video: Kent Fimreite

arrangementGuest User