Møt Tom og Simone på Sogn for alle-konferansen

Tom Dyrdal frå Avery Dennison NTP og og Simone Stibbe frå Skald er nokre av innleiarane når Sogn Regionråd arrangerer Sogn for alle-konferansen 3. mai.

Meld deg på konferansen no!

Sogn skal vera ein attraktiv buregion og skal lukkast med å få auka tilflytting og rekruttering til regionen. Vi ønskjer at fleire innvandrarar blir buande her. Målet med prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. Ei vellukka integrering vil kreve innsats og samhandling frå offentleg sektor, privat næringsliv og frivillig sektor.

Denne dagen vil vi sette lys på faktorar og verkemiddel som kan vera med å løyse utfordringar for distriktet og regionen. Du bidreg ved å aktivt delta gjennom konferansen.

Programmet ser slik ut:

10:00

  • Velkommen, Hilmar Høl, Leiar Sogn regionråd

  • Sogn treng alle, Kathrin Jacobsen, Vestland fylkeskommune

  • Inkludering gir god samfunnsutvikling, Marianne Solbakken, Distriktssenteret

  • Sogn for alle, Jeanette Walsvik, Sogn regionråd

  • Pause

  • Verdien av å bry seg er god business, Erlend Fardal-Lunde

  • Diversitet og integrering i eit vekstselskap, Tom Dyrdal, NTP

11:45

  • Lunsj

  • Sammen for inkludering, Sosan Asgari Mollestad, Bygdekvinnelaget,

  • Frå Syria til Hydro, Amjad Hanna, Hydro

  • Om å vera framand i Sogn –tips til sogningar, Simone Stibbe, Skald forlag

13:45

  • Avslutning, Hilmar Høl, Sogn regionråd

aktueltGuest User