Vekstprogram for etablerte bedrifter

I juni vil det bli gjennomført vekstprogram i Sogndal for bedrifter som ynskjer å vekse og definere ein tydeleg strategi for selskapet. Gjennom 4 halvdagsmodular og 1:1 oppfølging vil du kunne få hjelp til å avklare og legge grunnlag for korleis vekst kan skje i di bedrift; gjennom optimalisering, nye marknader, nye produkt/tenester, ny forretningsmodell eller nytt forretningsområde. Ein vil også sjå på korleis ein kan gjere endringar og handtere urolege tider.

Som deltakar vil du få kunnskap om dei nyaste metodane og tilgang til enkle verktøy som du kan nytte i eiga verksemd. Du får oppfølging og rådgjeving, og kan diskutere dine moglegheiter og utfordringar med dei andre deltakarane.

Vekstprogrammet blir arrangert av Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane i samarbeid med Vekstlandet. Sogn Næring ynskjer å tilby programmet til bedrifter i Sogndal kommunen til kr 3500 (opphavleg pris kr 7000 per selskap). Merk påmelding med Sogn Næring for å få redusert pris. Sparebanken Vest bidreg med støtte på kr 10.000 pr selskap. Avgrensa tal plassar.

Meir informasjon om vekstprogrammet og påmelding finn du her: www.kpsf.no/vekstprogram-2020-na-dine-mal, eller send ein e-post til post@sognnaring.no.