Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Korleis gjere karriere av å vere jovial

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

FitjarLarsen, Meny Halvor, PanserLarsen, kjært barn har mange namn. Det er med stor glede me ynskjer Halvor Larsen velkommen som gjest i vår faste arrangement Lunsj med påfyll. Halvor er ein livleg og jovial person som har sett sitt preg på lokalsamfunnet med ein unik evne til å skape glede for andre. I 2020 fekk han blant anna prisen som årets gledesspreiar her i Sogndal.

Halvor har både arbeidd på Meny og Sogndal skisenter, og jobbar i dag i Rekkje stiutvikling og Fosshagen barnehage. I tillegg til dette har han ei spennande rolle som speaker for ulike arrangement. Han er mellom anna fast speaker for Fjellsportfestivalen, Strynefestivalen og Huckfestivalen, og det er akkurat dette me skal høyre om i dag. Halvor vil ta oss med på si reise som speaker og føredragshaldar, og korleis han klarer å spre glede til folk med sin uthaldande og fantastiske røyst.

Ta med deg nistepakka di, me stiller med kaffi, te og svele. Vel møtt!