Komande arrangement

Me inviterer til mange spennande arrangement. Her finn du komplett oversikt.

Filtrerer etter: «Lunsj med påfyll»

Lunsj med påfyll: Korleis utvikle lokalsamfunn?
nov.
13.

Lunsj med påfyll: Korleis utvikle lokalsamfunn?

Noreg har eit stort behov for arbeidskraft, samtidig som det såkalla utanforskapet er stort – og blant nokre grupper også aukande.

Utviklinga av gode og trygge lokalsamfunn krev ei heilskapleg tilnærming, der ei lang rekke ulike aktørar samarbeider – som næringsliv, skule, frivillige- og ideelle organisasjonar, akademia, og fleire. I sentrum står ei felles forståing av kva samfunn ein ønskjer seg.

Tverrfaglig.no er ein sosial innovatør som jobbar med å styrke samarbeid på tvers av sektorar og faglege disiplinar. Nedbryting av siloar, auka forståing for andre aktørar og eit langsiktig perspektiv utover eigne kjerneoppgåver er sentralt.

Denne onsdagen kjem Anders fra Tverrfaglig.no. Dei jobbar blant anna med lokal samfunnsutvikling og kjem til oss for å prate om akkurat dette.

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Optimaliser byggets energibruk med Bent Kåre i Eld365
okt.
23.

Lunsj med påfyll: Optimaliser byggets energibruk med Bent Kåre i Eld365

Onsdag 23 oktober får vi besøk av Bent Kåre frå ELd365.

Eld365 har nettopp starta opp kontor på Campus i Sogndal, og som ny i Sogn er vi spent på å høyre meir om kva dei jobbar med. Vi skal få høyre om enrgiforbruk i bygg, energimerking, tilskudd frå Enova og tiltak for å få kontroll over energiforbruket. Dette er spennande og relevante tema når det går mot dyrare straumtider.

Du kan lese meir om Eld365 i Sogn Avis her

Kva er Lunsj med påfyll?

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Nærmenå - ærlig tilnærming til bærekraftig reiseliv
sep.
11.

Lunsj med påfyll: Nærmenå - ærlig tilnærming til bærekraftig reiseliv

I ei bransje overskya av villedande berekraft og grønnvasking, tilbyr "nærmenå" ein ekte og ærleg tilnærming til berekraftig reiseliv. Dette er det studenten Emma Sundli Härdig har halde på med i sommar gjennom formidling og engasjerande videoinnhald på hennar YouTube-kanal @emmasundli. Hennar målsetjing er å skape medvit rundt miljøvenlege praksisar og oppmode til lokale opplevingar som gagnar både miljøet og lokalsamfunna. Gjennom prosjektet blir sjåarane tekne med på ei unik reise gjennom vakre og spennande destinasjonar og lokalsamfunn i Noreg.

Emma har i tillegg vore med i oppstarten av badeklubb Sogndal og har akkurat sett i gang det som blir Sognefjorden løpeklubb denne hausten, og ho har endå fleire nye prosjekt på gong!

Ein student med driv og engasjement, og mange drømmer som hun gjør virkelige! Ho deler dei med oss denne lunsjen!

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Framtidshavet om Rein Sognefjord prosjektet
aug.
28.

Lunsj med påfyll: Framtidshavet om Rein Sognefjord prosjektet

Christine Molvik som er prosjektleiar i Rein Sognefjord kommer for å fortelle om ryddedagen dei skal ha 12. september

Rein Sognefjord er det neste store prosjektet Framtidshavet skal gjennomføre i 2024. På éin dag skal dei rydde så mykje marin plastforsøpling dei greier frå verdas lengste isfrie fjord. Det er ein stor operasjon som krev at mange gode krefter samarbeider og trekker i same retning. Planlegginga er i full gang, og dei håpar at så mange som mogleg som held til rundt Sognefjorden vil vere med og bidra inn mot aksjonsdagen torsdag 12. september.

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Kick-off til Innovasjonsdagen Sogn!
juni
19.

Lunsj med påfyll: Kick-off til Innovasjonsdagen Sogn!

Sogn Næring og Kunnskapsparken Vestland inviterer til Innovasjonsdagen Sogn Kick-off!  

I september blir Innovasjonsuken Opp arrangert på Vestlandet, og her i Sogndal gler me oss til å invitera til Innovasjonsdagen Sogn den 19. September 2024. Festivalsjef Christina Sundli-Härding tek turen frå Bergen for å fortelja om årets festivaltema -  “OPPned”. 

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Grafisk design med JKDesign
mai
8.

Lunsj med påfyll: Grafisk design med JKDesign

Har du nokon gang tenkt over kven som står bak designe på etikkene på all maten og drikke vi kjøpar? Vell, nå har du mogligheita til å møte ein av dei. Vi får nemlig besøk av grafisk designer Jorunn Karin Kvalvik som med røter i Årdal har lyst å komme å hilse på oss sogninger. Jorunn har ein brei erfaring innan grafisk design, merkevarebygging, og identitetsutvikling. Med ein bachelorgrad frå England og over to tiår i bransjen, har Jorunn jobba med alt frå store nasjonale merker som TINE og Diplom-Is til småskalaprodusentar som Balholm/Ciderhuset.

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Kva skjer på Meieriet?
apr.
24.

Lunsj med påfyll: Kva skjer på Meieriet?

Gjennom mange år har meieriet vert plassen for kulturopplevingar og sosiale arrangement for studentar og unge i Sogndal. Det har vert ein kjær møteplass for mange, men dei siste åra har medlemstala til Studentsamfunnet (sis) gått ned og dei slit med å rekruttere nok frivillige til å kunne gjennomføre arrangement. Dette har Sis, studentfrivilligheita, studentar, HVL og Saman tenkt å gjere noko med. Monica Solheimsnes frå SAMAN kjem for å fortelje korleis dei skal snu denne trenden og motivere studentar til å engasjere seg i eit viktig tilbod for studentopplevinga i Sognal.

Kva er Lunsj med påfyll?

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Sogn U40
mars
20.

Lunsj med påfyll: Sogn U40

Sogn U40 er eit profesjonelt nettverk av målretta unge, som vil  vere med å skape framtida i regionen.​

Dei skal bidra til og leggja til rette for utvikling av unge leiarar og andre unge ambisiøse og profesjonelle i og rundt kommunane Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal, Aurland, Vik og Høyanger. Nettverket rettar seg mot både privat og offentlege verksemder.

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Samskaping, innovasjon for berekraftig utvikling
nov.
29.

Lunsj med påfyll: Samskaping, innovasjon for berekraftig utvikling

Har du utfordringar i verksemda som studentar i tverrfaglege team kan bidra med å finne løysingar på? Eller ynskjer du å lære meir om samskaping, innovasjon og vurdering av berekraft?

Onsdag 29. november har du mogeleigheit til å høyre om det spennande , nye og samskapte emnet “Samskaping og innovasjon for berekraftig utvikling” ved HVL.

Sogn Næring stiller med kaffi og te! Ta med deg matpakken og ta lunsjen saman med oss i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus.

Vis arrangement →
Sosial lunsj: Sveler og ønskeliste
aug.
30.

Sosial lunsj: Sveler og ønskeliste

Sogn Næring har investert i ein skikkeleg gledespredar, nemleg ein takke. Denne må sjølvsagt prøvast ,så difor inviterer vi til ein sosial lunsj med gode svele og kaffe. Vi set og opp ein idépostkasse der du kan leggje fram idear og ynskjer om kva Sogn Næring kan gjere for å skape eit triveleg miljø her på campus og i bygdene.

Vis arrangement →