Alle arbeidsgivarar er avhengige av flinke hovud og hender. Men korleis får vi tak i dei og korleis får vi dei til å bli? Vi gir deg ein heil dag med folka i fokus.
25. oktober inviterer vi deg som ønsker ny kunnskap og konkrete råd om gode rekrutteringsprosessar til konferanse på Skei.
Stad: Thon Partner Hotel Jølster
Tid: 25. oktober kl. 10.00 – 16.00
Pris: 1562,- inkl. lunsj.
Påmelding: Meld deg på her
Rekruttering handlar om mykje meir enn stillingsannonsar og jobbintervju. Det handlar om å bli lagt merke til i jobbmarknaden, gode tilsettingsprosessar og at vi har det godt på jobb. Denne dagen har vi leigd inn dei beste innan sitt felt til å gjere oss klokare på rekruttering.
PROGRAM:
Programmet kjem snart.
Om foredragshaldarane
Fredrik Fornes: Dette er problemet med ei typisk stillingsannonse
Fredrik har i fleire innlegg på LinkedIn harselert med det han meiner er dårlege stillingsannonsar i Norge. 400.000 visningar på innlegga hans om temaet viser at han er inne på noko. Fredrik vil utdjupe kva han meiner problemet med ei typisk stillingsannonse er, og korleis den frå eit kommunikasjonsfagleg standpunkt enkelt kan bli mykje betre. Fredrik gir konkrete tips og øvingar rundt språk, innhald og oppsett.
Vestlandsforsking: Er karrierestigen kortare i distriktet?
Det blir ofte sagt at vegen til stort ansvar og viktige oppgåver er kortare i arbeidslivet i distrikta, men stemmer dette? Vestlandsforsking har undersøkt dette spørsmålet for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og har gjennomført ei spørjeundersøking som arbeidstakarar i gamlefylket har svart på. På konferansen presenterer dei for aller første gong resultata av undersøkinga.
Anne Sophie Gjems – FuelBox: Dei viktige relasjonane
Anne Sophie Gjems er Relasjonsarkitekt i FuelBox. Ho fortel oss korleis
psykologisk tryggheit kan bli drivaren som gjer at vi presterer godt og trivast saman på jobb. Anne Sophie er eit fyrverkeri på scena og tar deg med på ei spennande reise der vi verkeleg får kjenne på viktigheita av dei relasjonane vi omgir oss med, både på jobb og heime.
Sparebanken Sogn og Fjordane: Slik auka vi trivselen i banken
Arbeidsmiljø: Sparebanken Sogn og Fjordane ser at tiltak gjort under pandemien har gitt eit betre forhold mellom banken og dei tilsette. HR-direktør Eirik Rostad Ness fortel kvifor trivselen og medarbeidarengasjementet er større enn nokon gang.
Finn.no & Schibsted: Knekk koden for stillingsannonsen
Korleis kan du knekke stillingsannonsen teknisk? Og korleis får du best mogleg effekt av annonsering av stillingsannonsen? Finn og Schibsted tar turen til Skei for å gi deg sine beste tips, slik at du ikkje kastar vekk pengane dine.
Fabelaktige fire blir til éi superkraft
Kva skjer når fire lokale aktørar som jobbar med rekruttering, utvikling og næring får streng beskjed om å samarbeide tettare? Møt dei Fabelaktige fire: Framtidsfylket, Sunnfjord Utvikling, Nordfjordakademiet og Sogn næring. Dei fortel kva nytte DU kan ha av at vi samarbeider tettare.
Takk til Sparebanken Sogn og Fjordane for viktig og nødvendig støtte til konferansen. De gjer det mogleg å gi arbeidslivet i Vestland fagleg påfyll, inspirasjon og kunnskap om eit viktig tema: rekruttering.