Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Omatte

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Med eit konsept i vinden, ei dyktig dotter og ei kompetent mor vart det populære tilbodet Omatte til. Omatte er ei lita, uavhengig familiebedrift grunnlagt og driven av Elin Sande og dottera Mia Sande. Lokalisert i Sogndal sentrum, leverer Omatte eit second hand-konsept som bidreg til ein sirkulær økonomi for bygda og for dei busette i Sogndal og omegn.

Me er så heldige å få Mia på besøk hjå oss på vårt faste arrangement lunsj med påfyll. Mor og dotter-duoen har nettopp opna sine nye lokale med ein ny avdeling retta mot sport og friluftsliv, samstundes som brukt-klesbutikken går så det suser. Dette, og reisa til Omatte, vert tema for ukas føredrag.

Ta med deg nistepakka di, me stiller med kaffi, te og sveler. Vel møtt!

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet

Tidligere arrangement: 25. oktober
Rekruttering: Folka i fokus
Senere arrangement: 31. oktober
Næringskveld i Gaupne