FUS Kaupanger og ViteMeir presenterer Jobb og Leik den 3. november.
Den 3. november er det klart for den årlege planleggingsdagen for alle skulane rundt om i Sogn. Det betyr at borna må vere heime, og du må truleg ta heimekontor for å passe på skøyerungane. Vi har løysinga! Kva med å ta med deg jobben til vårt kontorfellesskap og la borna utforske de spennande og morosame utstillingane på ViteMeir medan du arbeider.
Vårt kontorfellesskap tilbyr stille omgivnader, hev-og-senk-pult, raskt internett og gratis kaffi. Kontorfellesskapet ligg i fjerde etasje av ViteMeir-bygget, og du har kort veg ned til borna dine som kan leike og ha det kjekt.
Våre drop-in plassar kostar 199,- eks. mva. Om du booker ein plass på FUS denne dagen får du med inngang for ein vaksen og eit born, men den vaksne kan veksle mellom to foreldre. Anbefalar at born under 9 år har følge med vaksen i utstillinga. Bestill plass her
Bestill ein plass no, og velkomen til oss på FUS og ViteMeir!