Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Kvifor må du vere på LinkedIn?

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Er du og bedrifta di synleg på LinkedIn? Eller skjønar du ikkje heilt poenget med endå ein sosial kanal du bør bruke tid på?

LinkedIn har eksistert i over tjue år, men først dei siste par åra har bruken av plattforma verkeleg tatt av. Vi set av ein liten halvtime til å gå gjennom kvifor LinkedIn er ein effektiv kanal for å rekruttere, marknadsføre bedrifta di eller vise din ekspertise.


Om “Lunsj med påfyll”

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet

Tidligere arrangement: 31. oktober
Næringskveld i Gaupne
Senere arrangement: 3. november
ViteMeir og FUS: Jobb og Leik