Nordic Ocean Watch er eit miljøkollektiv sett saman av menneske som er glade i og bruker havet på mange ulike måtar. Deira mål er å skapa medvit og å motivera folk til å ta vare på havet.
Martin Julseth jobbar i Nordic Ocean Watch og har kontorplass her på FUS Sogndal! Han kjem for å fortelja litt om miljøkollketivet som no fyller ti år, og “Løa”, eit prosjekt for å engasjere og involvere.
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.