Mange vil bu i Sogndal, og sentrum skal fortettast for å få plass til boligane som befolkingsauka gjer at vi treng. Korleis kan ein fortette Sogndalsfjøra og samstundes ta vare på grøntstrukturar og landskap? Og korleis kan vi legge til rette for at folk kan bu og leve godt i mindre einingar?
Arkitektkontoret 4B held til i 3. etasje på Campus. Dei kjem til Lunsj med påfyll for å fortelje korleis dei jobbar med desse tema, med prosjektet “Hagebytunet” som døme.
————-
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet