I år spring vi for Barnekreftforeininga!
For tredje år på rad arrangerer vi Campusløpet i Sogndal! Onsdag 16. oktober utfordrar vi bedrifter i Sogndal til å springe for årets TV-aksjon. Barnekreftforeininga er tildelt TV-aksjonen NRK i jubileumsåret 2024. For pengane skal det etablerast familiehus nær sjukehusa i Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo der alvorleg sjuke barn kan vere saman med familien sin. Aksjonsdagen er 20. oktober.
Årets TV-aksjon skal hjelpe barn råka av kreft og andre alvorlege sjukdommar. For pengane frå TV-aksjonen ønskjer Barnekreftforeininga å etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo. Her skal foreldre og sysken lett kunne bevege seg mellom sjukehuset og familiehuset slik at dei kan leve eit tilnærma normalt kvardagsliv.
I familiehusa vil det også vere rom for besøk av besteforeldre, tanter og onklar, vener og andre menneske som er tett på og har betydning i familiens liv.
Meir info om arrangementet kjem!