Samfunnsdelen til kommunen skal reviderast, og næringslivet skal få seie sitt om kva utvikling dei ønskjer i Vik. På del to av møtet ser vi nærare på lokalmat- og drikke i Vik, og korleis det kan bidra til å auke attraktivteten til kommunen.
Program:
Frukost frå 07:30 på Blix hotell
08:00 Velkommen! Info om haustens aktivitetar v/styret i Vik næringssamskipnad
Folkeuniversitetet si nye etterutdanning i berekraft , 5 minutt v/Reidar Brandsdal
Lokal mat og drikke i Vik - korleis kan vi bruke lokale ressursar til å skape gode mat og drikkeopplevingar for både lokale og besøkande? Presentasjon av lokale aktørar v/Ola Hopperstad, Dag Einar Bøtun og Jenny Seim.
Pause
Kommunen sin samfunnsdel - innspelsmøte for næringslivet. Korleis står det til i Vik kommune? Kva ser næringslivet som kommunen sine styrkar, svkaheiter, truslar og moglegheiter? v/Vik kommune, Karen Weichert