Tilbake til alle arrangementer

Folka

Alle arbeidsgivarar er avhengige av flinke hovud og hender. Men korleis får vi tak i dei og korleis får vi dei til å bli? Vi gir deg ein heil dag med folka i fokus.

24. oktober inviterer vi deg som ønsker ny kunnskap og konkrete råd om gode rekrutteringsprosessar til konferanse på Skei.

Stad: Thon Partner Hotel Jølster

Tid: 24. oktober kl. 09.30 – 16.00

Pris: 2 500,- inkl. lunsj.

Om foredragshaldarane

Kimiya Sajjadi

Kimiya er ei av de viktigste stemmene vi har i Norgen innan mangfold og inkludering. Ho har hjulpe over 100 bedrifter med strategisk rådgjeving, føredrag og workshops innan tema. Nokre av desse er Formue, Coop Midt-Noreg, Statens Vegvesen IT-divisjonen og Siemens Energy.

Kimiya har blitt kåra som ei av DNs 30 ledestjerner under 30, vore finalist i Reitans kåring Årets Ladejarl og vunne YS sin likestillingspris.

Jan Martin Berge

Dykk ned i ein verden av motivasjon, arbeidsglede og psykisk helse med Jan-Martin Berge. Som spesialist i klinisk psykologi, arbeidspsykologi og kognitiv terapi, tek han deg med på ei reise gjennom «PsykologBerge» si tilnærming for å bygge mentale musklar og skape jobbengasjement.

Tor Andreas Bremnes

Tor Andreas er ein prisvinnande leiar og føredragshaldar, som har engasjert seg i arbeidet for fordomsfrie og mangfaldige rekrutteringsprosessar med fokus på talent med funksjonsnedsetjingar. Sidan oppstarten av InClue i 2022 har dei hjulpe bedrifter som Scandic, Aker Solutions, AssisterMeg og GAC med å opne opp rekrutteringsprosessen for ein større kandidattilfangst.

Nøkkelen til framtidas arbeidsliv er Funkis, men klara du å låse opp døra?

Katharine Gude

Katharine Gude er ein uredd seriegründer og erfaren sjukepleiar, med over 20 år i bemanningsbransjen.

Ho starta med avgrensa ressursar og lite kunnskap om forretningsdrift, men bygde likevel opp eit bemanningsselskap som omsette for 153 millionar kroner då det blei selt i 2023. No leier ho Smart Bemanning, der ho utfordrar tradisjonelle metodar for å skaffe helsepersonell og nyttar innovative løysingar som kunstig intelligens for å sikre rask og effektiv rekruttering utan å gå på kostnad av kvaliteten.

Eivind Bøe

Administrerande direktør for Randstad, Eivind Bøe presenterar rykande ferske tal om trendar i arbeidsmarknaden i Norge og Vestland.

Eivind har vore administrerande direktør i Randstad sidan 2016 og har brei erfaring innan næringslivet som konsulent og toppleiar for blant anna Evry, Ramirent og Siemens.

Stine Vintervoll

Stine Vintervoll og Maria Løberg har utgitt boka Jobbsjokket: Guiden til en god karrierestart. De nye generasjonene stiller andre krav til arbeidsplassen. Det er også godt kjent at yngre ansatte sliter med psykisk helse.

Med dette foredraget får du god innsikt i kva unge nytilsette treng og korleis dei med fersk kompetanse kan brukast aktivt til å innovere. Målet er å gje deg eit nytt perspektiv på korleis du som leiar eller HR kan hjelpe ferske tilsette til å bli trygge og lykkast over tid.

Sindre Kvalheim

Sindre Kvalheim er ein erfaren leiar med sterk bakgrunn innan IT og kommunikasjon. Gjennom si rolle i Lefdal Mine Datasenter AS har han vore sentral i å utvikle Noreg som ein datasenternasjon, og gevinsten frå dette prosjektet har blitt brukt til å investere i ei rekkje oppstartsbedrifter via det Måløy-baserte investeringsselskapet VYRD AS.

Sindre har vore involvert i fleire selskap, både som gründer, leiar og styremedlem, inkludert VYRD AS, LocalHost AS, Lefdal Mine Datacenter, SSF og SFE. Han leiar IT-selskapet LocalHost AS, der mykje av fokuset hans går til å jobbe med digitalisering av SMB industribedrifter.

I tillegg får du servert ekte historiar frå dei viktige stemmene, panelsamtalar med både bedrifter som har lykkast og utdanningsaktørar med gode verktøy.