Næringshageprogrammet i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord inviterer til felles studietur til Knutholmen i Kalvåg. 28. - 30. oktober.
Kva kan vi lære av kvarandre? Mykje, meiner vi. På studieturen delast erfaringar, her blir det historier om generasjonsskifte, drastiske snuoperasjonar og korleis nytte dei ressursane ein har optimalt.
💫 Konseptutvikling: På det familieeigde hotellet Knutholmen får vi oppleve dei har bygd opp eit konsept rundt historia. Uforming av hotellromma, historievandringar i den gamle busettinga, ølsmaking og andre aktivitetar.
💫 Beste praksis: Eksempel frå målbedrifter som har gått gjennom snuoperasjonar
💫 Kultur og leiing: Sigurd Ganmark har dei siste ti åra kartlagt kva som gjer at nokre organsisasjonar, tilsette og lag alltid klarer å gjenskape dei gode resultata. Korleis skapar du ein kultur med engasjerte medarbeidarar og gode resultat?
💫Nettverk: Over tre dagar får du knytte kontaktar frå heile gamle Sogn og Fjordane.
Påmelding: Innan 30. september til post@sognefjordennh.no.
Pris: 12.000,- per person for verksemder som ikkje er målbedrift i Næringshagen.
Målbedrifter i Næringshageprogrammet i Sogn får 50 støtte til turen (6000,-).
NB: Det må vera minimum 20 påmelde for at turen blir gjennomført.